Saturday, May 29, 2010

Friday, January 15, 2010

Solid Snake på film?

Dei fleste som heng med i Metal Gear Solid-serien har vel fått med seg at det i lenger tid har vore snakk om ein film basert på den populære spelserien. Vel, det har no kome ein stopp i utviklinga. Årsaka seiast å være problem med å kome til einigheit mellom filmstudio og Konami som står bak serien. Kan det være det klassiske problemet, som har hendt så mange gongar før som stoggar det heile: at filmstudioet ynskjer kreativ fridom med ein lisens dei har kjøpt? I så fall, er det gode nyhende at produksjonen no er stogga.

The Guardian har ei morsom vinkling på dette: What the scrapped Metal Gear Solid film adaptation tells us.

I mellomtida, til det eventuelt kjem ein hollywood-versjon av den kjære sagaen, har vi denne trøysta: Metal Gear Solid Philantrophy

Men då eg her om dagen såg traileren til den nye filmen om A-Team, fekk eg ein vekkar. Er ikkje Liam Neeson temmelig lik Big Boss?













Personleg held eg ein knapp på Wolverine sjølv, Hugh Jackman. Sjekk dette biletet frå videogamelookalikes.com:














Ikkje berre liknar Jackman, han har også vist at han kan både takle emosjonelle scener og rå action. Sanneleg kan han og synge og danse...

Andre populære alternativ som går igjen i ryktebørsen er Josh Holloway som spelar Sawyer i Lost; Christian Bale; og den originale stemma til Snake, manusforfattar David Hayter.

Kven tykkjer du bør spele Solid Snake?

Saturday, October 24, 2009

Porcupine Tree, Oslo, 23. oktober 2009



















Bilete: PT på Rockefeller 2007, foto og manip: Snakehammer

Det var utseld på Sentrum Scene i går, og Porcupine Tree var tilbake i Noreg for tredje gong. Førre gongen dei var her var det for å promotere Fear of a Blank Planet, eit sterkt album frå ei stadig meir velspelt gruppe. Denne gongen var det det nye albumet The Incident som hadde hovudrolla, eit fantastisk album som består av ein song, The Incident, som er 55 minutt lang men delt opp i 14 spor.

Det var ein fantastisk konsert, heilt utruleg bra trøkk, publikum var med, bandet var i storform! Nye videoar fylgde dei nye låtane, og vi fekk fine gjensyn med nokre eldre materiale.

Eg noterte setlista undervegs, den var som følger:
The Incident - heile første disken med minimalt avbrudd:
- Occams razor
- The blind house
- Great expectations
- Kneel and disconnect
- Drawing the line
- The incident
- Your unpleasant family
- The yellow windows of the evening train
- Time flies
- Degree zero of liberty
- Octane twisted
- The seance
- Circle of manias
- I drive the hearse
10 min. pause, med nedtellingsklokke på storskjerm.

- The start of something beautiful
- Russia on ice (uten sluttpartiet)
- Anaesthetize (kun det harde partiet, "The pills in me")
- Lazarus
- Bonnie the cat
- Normal
- Way out of here

Encore;
- The sound of muzak
- Trains

Ein utruleg kveld med eit utruleg band! Høgdepunkta for min del var første delen, samt vanvittig inspirerte versjonar av The sound of muzak og Trains.

Wednesday, October 07, 2009

The Yellow Windows of the Evening Train


Eit bilete eg tok på togstasjonen på veg til jobb med mobilen, tidleg ein morgon. Minna meg om Porcupine Tree sin sang The Yellow Windows of the Evening Train.

A picture I took at the train station on my phone on the way to work early one morning. Reminded me of the song by Porcupine Tree, The Yellow Windows of the Evening Train.

Thursday, October 01, 2009

"Nyhende" frå kjendis.no

Dagbladet har gjort det igjen! Eller, rettare er det vel Dagbladet sin vesle freak av eit søsken, kjendis.no, som er syndaren.

Her mister Jackman besinnelsen, skreiv dei i går.

Saken handlar om ein mobiltelefon som går av midt under det som ser ut til å være ei ganske kjenslemessig scene. Jackman reagerar momentant, og kommentarane han og medspelar Daniel Craig kjem med er ustyrteleg morosame.

Hadde Jackman mista besinnelsen, da hadde kjendis.no fått litt av ei sak, det som derimot hender er langt ifrå dette. Ja, han vert frå seg. Men han held seg ekstremt roleg situasjonen trass!

Sjå heile klippet, det er rett og slett kjempevittig. All respekt til Hugh Jackman som ikkje ein gong mista den amerikanske aksenten sin under denne håplause situasjonen, som aldri burde hendt i det heile.

Dagens moral: dersom folk lærer seg å i det minste skru av lyden på mobilane, kan vi spare oss for tåpelege "nyhende" frå kjendis.no.

Friday, September 25, 2009

Monday, August 24, 2009

The Incident Limited Deluxe Edition


Som eg tidlegare har skrive, kjem Porcupine Tree sitt nye album ut i ei spesialutgåve i eit begrensa opplag. Tidlegare har den vorte omtala som noko liknande spesialutgåva av Wilson sitt soloalbum Insurgentes, og no har Roadrunner endeleg lagt ut eit bilete av boksen.

Innhaldet i boksen er: albumet på to cd-plater, ein dvd med 5.1 miks av hovuddelen av albumet; det 55 minutt lange tittelsporet, ei bok med bilete frå PT sin faste fotograf Lasse Hoile, og ei bok med teikningar som går til albumet. Alt dette pakka inn i ein massiv slipcase!

Ytterlegare beskriving og informasjon finn du hjå Roadrunner. Førehandsbestille kan du gjere her, vinylutgåva finn du her, med atterhald om at samleboksen snart vert utseld!

Ein musikkvideo for eit utdrag frå The Incident-sporet har forøvrig vorte publisert på PT si myspace-side, både sangen og videoen er knallgode, og eg anbefalar deg å sjå den:)